Leik deg med ord
I haust gir Fusa folkebibliotek ungdom tilbod om å delta på kurs i å skriva tekstar og framføra dei for andre. Målet er å få fleire mellom 13-19 år til å leika seg med ord og setningar, og at dei vil delta i Ungdommens kulturmønstring med sjølvlaga tekstar. Både skrivekurset og kurset i framføring er gratis, og kvart kurs er over tre timar etter skuletid. Deltakarane får kyndig hjelp av to unge kurshaldarar. Skrivelærar Erlend O. Nødtvedt har studert skrivekunst og er forfattar av to diktsamlingar. Til kurset i framføring, kjem Taro Vestøl Cooper, som er skodespelar og noregsmeister i poesislam.
Kva er poesislam?
Omgrepet poesislam er henta frå engelsk, og det viser til ein måte å framføra eigne tekstar på. Framføringa er i kryssingspunktet mellom opplesing, rapping, teater og konsert. Det vert arrangert konkurransar i poesislam, der publikum avgjer kven som vinn.
Kursa blir arrangerte i samarbeid med fylkesbiblioteket i Hordaland, med støtte frå Nasjonalbiblioteket og Ungdommens kulturmønstring.
Kursdatoar
- Skrivekurs: Torsdag 4. oktober kl 16-19
- Kurs i framføring: Torsdag 8. november kl 16-19
Påmelding
Kontakt Margrethe/Fredrik på
Kontaktperson Hordaland fylkeskommune: Ágúst Magnússon, telefon 55 23 93 74, e-post: agust.magnusson@hfk.no
Heimesida til prosjekter er: www.hordaland.no/poesislam