Aktuelt frå kommunen

Kurs i bruk av tilskotsportal for organisasjonar

Tilskotsportal - framside - Klikk for stort bilete

Lag og organisasjonar i Fusa er invitert til kurs i bruk av Tilskuddsportalen.no på Os rådhus tysdag 13. februar kl 18-20. Påmelding seinast 12. februar til epost: gby@os-ho.kommune.no

Felles portal med Os


Os kommune har opna for at lag og organisasjonar i Fusa får bruka Tilskotsportalen for frivillige organisasjonar. Tysdag 13. februar kl 18-20 er organisasjonar i Fusa invitert på kurs saman med osingane i bruk av Tilskotsportalen i Os rådhus på Osøyro. Sjå vedlagt plakat (PDF, 276 kB).

Mange tilskotsordningar å velga i 

Os kommune har abonnert på denne tenesta i fleire år, der det lokale organisasjonslivet får tilgang til heile spekteret av tilskotsordningar, både private og offentlege, via ein nasjonal database. Det skal no kursast i ein oppgradert versjon av portalen. Sidan vi skal saman i ny kommune frå 2020, vert det opna opp for at Fusa kan nytta tilbodet frå no av utan ekstra kostnader korkje for organisasjonslivet eller Fusa kommune.

Lokale lag får via www.tilskuddsportalen.no tilgang til meir enn 1500 tilskotsordningar i ein nasjonal database som blir oppdatert heile tida. Der kan ein søka på tema og få opp ein kalender for alle aktuelle søknadsfristar. Tilbodet er gratis å bruka for laga. Sjå infoskriv (PDF, 449 kB).

Hugs påmelding

Fusa kommune håper interesserte lag har høve til å melda seg på til Grete Byrkjeland på epost: gby@os-ho.kommune.no seinast i løpet av 12. februar.

For spørsmål ta kontakt med kulturleiar Erik Vangsnes på telefon 56580153.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 07.02.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30