Aktuelt frå kommunen

Kurs for pårørande og personar med demenssjukdom

Sommarblomar 2 - Klikk for stort bilete

Er du mellom 18 og 30 år og har far eller mor med demens? Eller er du sjølv under 65 år og har fått ein demensdiagnose? Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse tilbyr to ulike typar kurs til hausten som kan passa for deg, opplyser nytilsett vernepleiar i demensomsorga i Fusa, Anne-Siv Skåthun Berge.

"Tid til å være ung?"

Det eine kurset er for unge pårørande. Her får du mellom anna møta andre ungdommar i same situasjon og snakka med fagfolk. Det vert felles aktivitetar, informasjon og tid og anledning til å dela erfaringar.

Kurset vert halde i Selbu i Trøndelag, om lag ein times køyretur søraust for Trondheim. Det er eit helgekurs, 13.-15. september. Ei tilskotsordning dekkjer alle utgifter både til reisa og kursopphaldet.

"Møteplass for mestring"

Det andre kurset er for yngre personar med demens og deira næraste pårørande. Det er kalla «Møteplass for mestring». Her får du møta andre i same situasjon og dela erfaringar. Du får tilbod om kunnskap og støtte i ein situasjon der livet tek ei uventa vending, når den eine partnaren får ein demenssjukdom.

Det geografisk næraste kurset vert halde på Osterøy 4.-6.oktober. Det vert òg kurs andre stader i landet. Sjå påmeldingsskjemaet.

Vil du melda deg på kurs?

Du finn meir informasjon om kurs og påmelding på nettstaden til Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse.

Du kan òg bruka følgjande skjema til å melda deg på:

Har du spørsmål om demens?

Treng du eller nokon du kjenner ein å snakka med? Lurer du på kva for tilbod som finst for personar med demenssjukdommar og deira pårørande i Fusa? Har du spørsmål kring temaet eller om dei nemnde kursa? 

Fusa kommune har frå 1. mai i år oppretta ei 60 % ressursstilling innan demensomsorga. Sjå meir informasjon om dette på eiga side. Vernepleiar Anne-Siv Skåthun Berge er tilsett i stillinga. Ho har arbeidsdagar tysdag, torsdag og fredag. Du er velkomen til å ta kontakt med henne

  • på telefon eller sms: 475 08 072
  • på e-post: Anne-Siv.Skathun.Berge@fusa.kommune.no
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 05.06.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30