Aktuelt frå kommunen

Kulturvernpris til Else Bodil Gjøn

Else Bodil Gjøn, Eva Hårajuvet og Enok Groven. - Klikk for stort bilete

Det har vore ei svært vellukka Kystsogehelg i Fusa med mykje folk og eit fantastisk sommarver. På avslutninga av Kystsogedagen på Engevik gaard sundag fekk Else Bodil Gjøn tildelt "Anders Kåre Engevik kulturvernpris for 2015".

Laurdag 22. august var det skodespel og sommardans på ungdomshuset Breidablikk i Sævareid og komedien "Kallane i Oladalen" trakk fullt hus.

Søndag kom det også mykje folk. Arrangørane meiner det var omlag 400 menneske innom portane i løpet dagen. Gullrute-vinnar Enok frå Anno-serien var eit populært trekkplaster, men det var eit variert program med aktivitetar og underhaldning for små og store. Dagen vart avslutta med utdeling av "Anders Kåre Engevik kulturvernpris for Fusa". Prisen gjekk i år til Else Bodil Gjøn. Ho fekk tildelt ein diplom og ein gåvesjekk på 10.000 kroner.


I grunngjevinga frå juryen heitte det at "Else Bodil Gjøn får prisen for sitt årelange arbeid med å dokumentera kunnskap om klestradisjonar og eit møysamt arbeid med å rekonstruera drakter og klesplagg frå ulike tidsperiodar både for kvinner og menn, born og vaksne." Sjå pressemelding (PDF, 9 kB).

Det er Sævareidfjorden ungdomslag som står bak arrangementet i samarbeid med Fusa kommune og Stiftinga Kystsogevekene i Hordaland
 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 24.08.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30