Aktuelt frå kommunen

Kulturvernpris til Einar Sauholmen

Prisvinnar Einar Sauholmen vert gratulert av Hans Olav Henanger. - Klikk for stort bilete

Under Kystsogedagen på Engevik gaard søndag 28. august fekk båttbyggjar Einar Sauholmen tildelt "Anders Kåre Engevik sin kulturvernpris" for 2016. Utdelinga runda av eit innhaldsrikt program og ein kystsogedag med mykje folk både på Engevik og Mjånes.

Kulturvernprisen er ein diplom og ein gåvesjekk på kr 10.000,-. Prisen er stifta av Sævareidfjorden ungdomslag i samarbeid med Fusa kulturminnelag og Fusa kommune. I juryen sit Terje Raunsgard, Erik Vangsnes og Hans Olav Henanger

Einar Sauholmen får prisen for sitt virke som båtbyggjar i tredje generasjon i Bergegrend. I følge juryen har han i mange år har gjort ein uvurderleg innsats for å ta vare på og vidareføra lokal og nasjonal handverkstradisjon.Han har store kunnskapar om handverket og tradisjonelle båtar i tre. Einar har sine velgrunna meiningar om faget sitt og nyt stor respekt, heiter det i grunngjevinga.

Den femte kystsogedagen i Sævareidfjorden vart ein ny suksess med strålande vér og mykje folk. Mange nytta høve til sjå det gamle gardstunet på Mjånes. Det var også stor interesse rundt Sundvorsamlinga og fotoutstillinga på Buo. Mange ville ha med seg ein segltur på fjorden med seglkuttaren Seladon frå Smedholmen i Fitjar. Veteranbussen frå gamle Bergen Hardanger Billag var også eit populært innslag.
 
Fotograf: Erik Vangsnes F.v. Erik Vangsnes, Einar Sauholmen og Hans Olav Henanger Fotograf: Ella Marie Brekke Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Ella Marie Brekke Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Ella Marie Brekke Vangsnes Fotograf: Ellla Marie B. Vangsnes Prisvinnar Einar Sauholmen vert gratulert av Hans Olav Henanger. Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 29.08.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30