Aktuelt frå kommunen
Koldalsfossen med bygningen som hyste Margarinfabrikken Viking 1897-1978. | Fotograf: Svanhild Helland
Koldalsfossen med bygningen som hyste margarinfabrikken Viking 1897-1978 fotograf Svanhild Helland
Fotograf: Svanhild Helland
Kjentmann Jan Koldal fortel om aktiviteten langs elva og fossen i farne tider fotograf Svanhild Helland
Fotograf: Svanhild Helland
Dei enorme halv-jettegrytene ved Koldalselva fotograf Svanhild Helland

Kulturvandring langs Koldalselva

Torsdag 19. april inviterte Fusa i farten tilsette i Fusa kommune til kulturvandring langs Koldalselva i Eikelandsosen. Kjentmann Jan Koldal fortalde levande om aktiviteten som hadde vore langs elva og fossen i farne tider.

Vasskraft, handverk og småindustri

Vasskrafta gav grunnlag for mangfaldig aktivitet. Langs Koldalselva og fossen fann ein både kvernhus, sager, fabrikkar som laga trådsneller, smørdunkar, tønner og stampar, kraftverk, stampe til vadmelstøy, trevareverkstad, mekanisk verkstad og ikkje minst margarinfabrikk. Ein kan framleis sjå flotte grunnmurar og nokre bygningar som vitnar om aktiviteten i farne tider.

Kjentmann Jan Koldal tok turgjengen med oppover elva både på Koldalssida og Eikelandssida og fortalde kva dei ymse hustuftene og bygningsrestane hadde vore brukte til. Han krydra det heile med eigne minne frå barndom og oppvekst på Koldal. Turen vart avslutta med frisk nistemat i beste folkehelseånd ved dei mektige halv-jettegrytene.

Dei som er interesserte i å lesa meir om aktivitetane langs Koldalselva, kan slå opp i bygdeboka "Heilt andre tider. Fusa 1900-2000" band I, s. 195-206. Gamle foto kan de finna i Biletsamlinga til Lokalhistorisk Arkiv i Fusa(LAF)/Fusa folkebibliotek - sjå søkelenke på startsida vår.


Fellesaktivitetar

Kulturturen var ein av dei siste fellesaktivitetane i Fusa i farten-regi i vår. Det var einingane Rehabilitering, Landbruk og Barn, familie og velferd som var tilskipar denne gongen. Tidlegare på dagen inviterte dei til smakfull vegetarlunsj i Kafeen te Gro.

Denne veka kan dei tilsette i Fusa kommune vera med på tur til Vetlevardhaugen i Eikelandsosen, før Fusa i farten vert avslutta neste veke med turnering i sandvolleyball i Strandvik.

Program og fleire foto finn de på Fusa i farten-sida.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 23.04.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30