Aktuelt frå kommunen

Kulturskuletimen

Korpsførebuing er eitt av tilboda i kulturskuletimen i Fusa. Her er ivrige musikantar i Eikelandsosen skulemusikklag - Klikk for stort bileteKorpsførebuing er eitt av tilboda i kulturskuletimen i Fusa. Her er ivrige musikantar i Eikelandsosen skulemusikklag Tove Hjartnes

 

Fusa kulturskule tilbyr frå hausten av ein gratistime i veka til barn i SFO. Tilbodet er ulikt frå skule til skule og gjeld eitt av trinna innan 1.-4. klasse. Informasjon og påmeldingskjema er på veg ut til foreldre og elevar i desse dagar.

Variert tilbod

Tilbodet er tilpassa kvar enkelt skule og organisert av kulturskulen i samarbeid med skulane og lokalt kulturliv. Så langt omfattar det dans (Strandvik og Nore Fusa), skulekor (Fusa) og musikkverkstad/korpsførebuing (Holdhus og Eikelandsosen). For Søre Fusa er ikkje opplegget klart enno. Det er eit mål at dei enkelte skulane/gruppene samarbeider fram mot felles framsyningar.

Tilskot frå staten

Det nye tilbodet er eit resultat av at det i statsbudsjettet for 2013 er sett av pengar til ein gratis kulturskuletime for grunnskuleelevar. Kulturskulekronene vert tildelt kommunane i rammetilskotet. Det er kommunen som skuleeigar for grunnskulen og kulturskulen som legg til rette for at tilbodet om kulturskuletime når elevane.

Private skular har fått sine kulturskulekroner direkte overført frå staten.

Påmelding

Elevane skal melda seg på til sin eigen skule før sommarferien på skjema som dei får utlevert på skulen.

Nyttige lenker:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 03.06.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30