Aktuelt frå kommunen

Kulturskulesamarbeid med Os

Rockebandet Panserulkene på scenen under Vinnesfestivalen 20. juni 2015: F.v. Sander Markhus (bass), Even Lygre (el-gitar og song) og Lars Henning Fosse (el-gitar og song). Foto. - Klikk for stort bileteRockebandet Panserulkene på scenen under Vinnesfestivalen 20. juni 2015: F.v. Sander Markhus (bass), Even Lygre (el-gitar og song) og Lars Henning Fosse (el-gitar og song). Foto. Erik Vangsnes

Frå og med hausten 2015 vert Fusa kulturskule organisert saman med Os kulturskule og administrert frå Os. Det vert ingen merkbare endringar for elevar som har fått plass i kulturskulen for komande skuleår.

Rektorbyte

Avtroppande kulturskulerektor Are Fløisand fekk blomar av hardingfeleelevane Anna Skaathun Epland (t.v.) og Marte Ekeberg Klippen på Vinnesfestivalen 2015. - Klikk for stort bileteAvtroppande kulturskulerektor Are Fløisand fekk blomar av hardingfeleelevane Anna Skaathun Epland (t.v.) og Marte Ekeberg Klippen på Vinnesfestivalen 2015. Erik Vangsnes

Rektor ved Fusa kulturskule, Are Fløisand, har gått over i pensjonistane sine rekkjer. I det høvet har Fusa søkt samarbeid med Os. Førebels er det eit administrativt samarbeid. Det inneber at kulturskulerektor i Os Christian Breistein også skal ha det administrative ansvaret for Fusa kulturskule. Sjå kontaktinformasjon på sida til Fusa kulturskule.

Små endringar

Har du søkt og fått tildelt plass i Fusa kulturskule for skuleåret 2015-2016, vert det ingen endringar. Elevbetalinga vert som vedteke av kommunestyret i gebyrregulativet for Fusa kommune, men kjem til å verta fakturert frå Os.

Eventuelle nye søkjarar som ikkje har fått svar, kan ta kontakt med Christian Breistein (tlf. 56 57 52 48) eller Terje Raunsgard (mobil 488 90 813).

Gitar

Kulturskulelærar Tommy Haltbakk, som har hatt ansvar for gitar, band og ukulele, skal ha permisjon frå ein del av stillinga si i tre år. Han skal framleis arbeida 50 % for Fusa kulturskule. Vikar i resten av stillinga vert Håvard Skåtun.

Hardingfele

Hardingfelejenter i aksjon på scenen under Fusa got talent-mønstringa på Vinnesfestivalen 20. juni 2015: F.v. Asora Hellebø, Malene Øpstad Offerdal, Marte Ekeberg Klippen og Anna Skaathun Epland. - Klikk for stort bileteHardingfelejenter i aksjon på scenen under Fusa got talent-mønstringa på Vinnesfestivalen 20. juni 2015: F.v. Asora Hellebø, Malene Øpstad Offerdal, Marte Ekeberg Klippen og Anna Skaathun Epland. Erik Vangsnes

Rektor Are Fløisand hadde både gitar- og hardingfeleundervisning. Gitarlærar er som nemnd på plass. Fusa kulturskule har førebels ikkje lukkast i å finna ny hardingfelelærar, men jobbar med å finna alternative løysingar.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 06.07.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30