Aktuelt frå kommunen

Kulturprisen 2015 til Erik Vangsnes

Ordførar Atle Kvåle gratulerer Erik Vangsnes med Kulturpris 2015. Vangsnes fekk overrekt eit kunstverk (kultUR) av Anja Tveiterås. - Klikk for stort bilete

Kulturleiar Erik Vangsnes har fått Fusa kommune sin kulturpris for 2015. Ordførar Atle Kvåle delte ut prisen under solidaritetskonserten i Eikelandsfjorden samfunnshus sundag 31. januar. Som synleg heider fekk Vangsnes overrekt eit kunstverk laga av Anja Tveiterås. 

I grunngjevinga frå kulturprisnemnda heiter det: Erik Vangsnes har lang fartstid innan eit vidtfemnande kommunalt kulturarbeid. Ein av forslagstillarane seier i si grunngjeving: «Han har riktignok en stilling som tilsier at dette er hans fagfelt, men han utøver etter mitt skjønn langt mer enn forventet innen området». 
Kulturprisnemnda har lagt vekt på det store engasjementet for kultur og idrett i Fusa og hans velvilje til å hjelpa til for å bidra til aktivitet og utvikling på kulturområdet. Både aktiviteten og innsatsen strekkjer seg langt ut over det som vil vera eit ordinært arbeidstilhøve.
 
Kulturprisnemnda legg også vekt på det private kulturengasjementet til Erik Vangsnes. Han er også på fritida sentral innan kulturvern, idrett, friluftsliv og i arbeidet med å integrera og introdusera flyktningane i Fusa kommune for norsk kultur og samfunn.
Publisert av Ottar Midtrød. Sist endra 02.02.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30