Aktuelt frå kommunen

Kulturprisen 2013

Are Fløisand fekk kulturprisen 2011 for sitt arbeid med kulturskulen i Fusa - Klikk for stort bileteAre Fløisand fekk kulturprisen 2011 for sitt arbeid med kulturskulen i Fusa Erik Vangsnes

Fusa kommune skal i haust dela ut kulturprisen for 2013. Det er enno litt tid att til fristen for å koma med forslag til kandidatar. Prisen kan delast ut til ein person, ein organisasjon eller ei gruppe personar. Alle kan koma med forslag innan 15. oktober.

Skriftlege forslag

Målet med kulturprisen er å stimulera kulturlivet i kommunen og gje honnør for spesiell innsats på kulturområdet. Forslag til prismottakarar skal vera grunngjevne og formulerast skriftleg anten per epost til postkasse@fusa.kommune.no eller per brev til Fusa kommune, postboks 24, 5649 Eikelandsosen.

Frist for å koma forslag er tysdag 15. oktober.

Kulturprisnemnd

Fusa kommune har ei eiga kulturprisnemnd som innstiller til Formannskapet, som gjer endeleg vedtak. Kulturprisnemnda kjem også med forslag til pris, tid og stad for utdeling. Prisen er eit kunstverk med plakett.

Sjå meir om bakgrunnen for prisen og tidlegare prismottakarar.

 

 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 07.10.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30