Aktuelt frå kommunen

Kulturpris til Merita og Kåre Johan Mol

Ordførar Atle Kvåle under tildelinga av kulturprisen 2017 - Klikk for stort bilete

Fusa kommune sin kulturpris for 2017 er tildelt Merita og Kåre Johan Mol. Dei får prisen for sitt arbeid innan volleyballidretten, der dei leverer sterke bidrag både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt! Prisen er eit grafisk trykk av kunstnaren Elly Prestegård og vart delt ut av ordførar Atle Kvåle på julefesten til Strandvik montessoriskule måndag 18. desember.

Prisjubileum

Kulturprisen i Fusa har 30-årsjubileum i år. Sjå lista over tidlegare mottakarar frå 1987 og fram til i dag på eiga side. Første prisane gjekk til Margit Gjøn, Jan Bakke og Njål Vindenes.

Kulturprisnemnd i arbeid

Aktuelle kandidatar for prisen i 2017 er vurdert av ei eiga kulturprisnemnd med desse medlemene; Janne Gjøen, Olaug Mjelde og Jan Birger Landøy. Nemnda rådde til at prisen for 2017 skulle gå til Merita og Kåre Johan Mol. Det er formannskapet i Fusa som gjorde det endelege vedtaket.

Frå aktive til trenarar

Merita og Kåre Johan har begge bakgrunn som volleyballspelarar på toppnivå. Merita har spelt sandvolleyball i OL for Noreg. I dag er Kåre Johan landslagstrenar for sandvolleyball, der to av sønene Anders og Hendrik er med på laget. Merita er sentral i trenarteamet rundt dei lokale laga i Strandvik IL.
 
Forslagstiller la vekt på at Merita og Kåre Johan Mol gjer ein fantastisk jobb som trenarar, dei «brukar kvar ledige stund til å gjera andre gode. Under mottoet "Be the best you can be" har dei jobba fram fleire spelarar som no hevdar seg på nasjonalt nivå og internasjonalt nivå! Ein enorm innsats som dei fortener både heider og ære for!» 
 
Kulturprisnemnda meiner trenargjerninga til Merita og Kåre har hatt svært mykje å seia for volleyballen både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt! I tillegg til å få fram talent og toppidrettsutøvarar, har dei vore med å byggja opp volleyballmiljøet som ein stor og viktig fritidsaktivitet for mange barn og unge i Fusa. 
 

Fleire viktige roller

Kulturprisnemnda har óg trekka fram den rolla Merita og Kåre Johan har spelt for å få på plass eit flott anlegg for sandvolleyball  i Strandvik, som har fått sine avleggjarar også i andre bygder. Kåre Johan har óg vore sentral i arbeidet med å planleggja idrettshall i Fusa. Ikkje minst har dei begge vore primus motorar i å utvikla eit unikt arrangement sommarstid med Strandvik open. 
 
Det er sjølvsagt mange andre som gjennom åra har gjort mykje for volleyballen i Strandvik og Fusa, men volleyballmiljøet i Fusa hadde aldri vore der ein er i dag utan Merita og Kåre!
 

Julefest og prisutdeling

Prisen vart delt ut av ordførar Atle Kvåle på julefesten til Strandvik montessoriskule i Strandvik grendahus måndag 18. desember, der Merita arbeider og dottera er elev. Paret vart overraska og glade for prisen, som dei ville dela med både volleyballgruppa og heile lokalmiljøet. Slik snakkar ekte lagspelarar som er ein kulturpris verdig!
 
Fusa kommune gratulerer med ein velfortent kulturpris 2017!
 

Merita Mol, Atle Kvåle og Kåre Johan Mol under kulturprisutdelinga - Klikk for stort bilete

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 19.12.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30