Aktuelt frå kommunen

Kulturpris til Eikelandsosen skulemusikklag

Tove Hjartnes Fosså, Hans Vindenes og Lisbeth Sommerstad under utdelinga av kulturprisen 2013 til Eikelandsosen skulemusikklag. - Klikk for stort bileteTove Hjartnes Fosså, Hans Vindenes og Lisbeth Sommerstad under utdelinga av kulturprisen 2013 til Eikelandsosen skulemusikklag. Erik Vangsnes Fusa kommune har tildelt Eikelandsosen skulemusikklag kulturpirsen for 2013. Prisen vert delt ut av ordførar Hans Vindenes under eit kulturarrangement i Fusa samfunnshus fredag 29. november.

 

"Reisa til julestjerna" har gått ein sigersgang gjennom Fusa med tre vellukka framsyningar denne helga med skulemusikken som både aktørar og arrangørar. Første kvelden var i ungdomshuset Breidablikk i Sævareid torsdag. Etter framsyninga i Fusa samfunnhus fredag kveld fekk ordførar Hans Vindenes høve til å kunngjera at formannskapet hadde tildelt Eikelandsosen skulemusikklag Fusa kommune sin kulturpris for 2013.

Jubelen sto atter i taket og ordføraren gratulerte alle dei medverkande med innsatsen. Med eit slikt fantastisk flott arrangement har Eikelandsosen skulemusikklag synt for oss alle at dei har fortent kulturprisen for 2013, sa ordføraren.

Hans Vindenes siterte i sin tale grunngjevinga frå kulturprisnemnda der det heitter at Eikelandsosen skulemusikklag har gjort ein imponerande snuoperasjon. Etter fleire år med låg aktivitet og få musikarar har dei klart å få ny medgang i ei tid der korpsrørsla mange stader slit. Korpset er større enn på svært mange år. Dei tek vare på tradisjonell korpsmusikk, samstundes som dei har opna opp for ny spennande musikk. Skulemusikken gjer eit svært viktig rekrutteringsarbeid som dei vaksne musikklaga i Fusa vil nytta godt av i mange år frametter. Dette laget står i ei særstilling blandt musikklaga i kommunen og dei er ein svært verdig prisvinnar i 2013.

Leiar i Eikelandsosen skulemusikklag, Tove Hjartnes Fosså sa i sin takketale at det var veldig inspirerande å få ein slik pris. Ho retta samstundes ein stor takk til dirigenten deira, Lisbeth Sommerstad, som i følge Fosså  har hatt svært mykje å seia for den framgangen korpset har hatt både i antal medlemer og i prestasjonar.

Prisen er etter vedtektene eit kunstnarleg arbeid og er i år eit fotografi av Arvid Midtrød. Motivet med ein nesten eventyrleg kanefart på Gjønavatnet, var som teke rett uta av ein scene frå Reisa til julestjerna.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 02.12.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30