Aktuelt frå kommunen

Kulturpris for Fusa 2017

Ordførar Atle Kvåle gratulerer Erik Vangsnes med Kulturpris 2015. - Klikk for stort bilete

Fusa kommune ønskjer forslag til kandidatar for kulturprisen 2017. Prisen vert delt  ut annakvart år. I 2015 gjekk prisen til kulturleiar Erik Vangsnes. Alle kan koma med forslag til nye kandidatar innan fristen 1. oktober. 

Fusa kommune skal dela ut kulturpris i 2017. Prisen er eit kunstverk med plakett. 

Honnør og stimulans
Målet med kulturprisen er å stimulera kulturlivet i kommunen og gje honnør for spesiell innsats på kulturområdet.

Kulturprisen kan delast ut til ein person, organisasjon eller ei gruppe personar.
 
Skriftlege innspel
Innspel til kandidatar skal vera grunngjevne og formulerast skriftleg per epost til post@fusa.kommune.no eller som brev til Fusa kommune, boks 24, 5649 Eikelandsosen. Sjå eiga nettside om Fusa kommune sin kulturpris no for meir info.

Det er sett ned ei eiga kulturprisnemnd. Nemnda kjem med innstilling til Formannskapet som gjer endeleg vedtak. Frist for publikum til å koma med forslag til kandidatar er 1. oktober
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 08.09.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30