Aktuelt frå kommunen

Kulturbygging i Bjørnafjorden i 2019

Herkjembjørnafjorden - Klikk for stort bilete

Os og Fusa slår seg saman til Bjørnafjorden 1. januar 2020. Fellesnemnda for Bjørnafjorden kommune har sett av kr 250 000 til eit fond kor lag og organisasjonar kan søkja om midlar til å gjennomføra aktivitetar i 2019. Bli med å visa fram kva Bjørnafjorden har å by på! Søk om midlar til små og store arrangement. Søknadsfrist er 20. mars.

Frivillige lag og organisasjonar kan søkja om midlar til ein eller fleire aktivitetar som må gjennomførast innan 1. januar 2020.

Kven kan søkja?

Lag og organisasjonar i framtidige Bjørnafjorden kommune.

Kor mykje kan de søkja om?

De kan søkja om tilskot på inntil kr 10 000 per aktivitet/arrangement.

Søknadsfrist

20. mars 2019.

Kva kan de søkja om tilskot til?

Aktiviteten må vera

  • Nyskapande. Til dømes ta i bruk nye arenaer og/eller oppsøka nytt publikum.

  • Inkluderande. Til dømes utspela seg på "hi sio" av fjorden eller på annan måte inkludera bjørnafjordingar i både Os og Fusa. Aktiviteten/-ane må gå føre seg i Os eller Fusa.

  • Inviterande. Vi oppmodar til samarbeid og kulturell brubygging.

  • Bruk emneknaggen #herkjembjørnafjorden i sosiale medium.

Behandling av søknaden

Prosjektleiar for kulturfeltet i samanslåingsprosjektet, Erik Vangsnes, behandlar søknadene. Vedtak blir gjort administrativt av kommunalsjef for Samfunnsutvikling etter delegering frå Fellesnemnda.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med prosjektleiar for kulturfeltet i Bjørnafjorden kommune, Erik Vangsnes på

  • telefon 56 58 01 53
  • eller e-post: erik.vangsnes@fusa.kommune.no
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 15.03.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30