Aktuelt frå kommunen

Kulturarrangement på biblioteket

Smooth operators - Klikk for stort bilete

I Fusa folkebibiliotek på Kommunetunet i Eikelandsosen er det to kulturarrangement i veka som kjem. Onsdag 7. mars kl 19 er det konsert med "Smooth operators" som presenterer Dylan-musikk frå 60-talet. Torsdag 8. mars kl 19 vert den internasjonale kvinnedagen markert, der fusingar frå mange land deler sine erfaringar.

Dylan og 60-talet

Gjestinga av "Smooth operators" er i vårprogrammet til Torsdagsakademiet, men no altså på ein onsdag! Gruppa «Smooth operators» kjem frå Bergen og har laga eit program dei har kalla «Den vonde bodberaren - Bob Dylan og 60-talet». Dei tek publikum med på ei reise gjennom Bob Dylan sitt univers i 60-åra, med kjende og mindre kjende songar frå perioden. På same måte som Bob Dylan har prega populærmusikken gjennom fleire tiår, så er Smooth Operators er ei gruppe på fire som òg representerer ulike generasjonar, men alle har eit forhold til Dylan.

Mellom songane fortel dei historia om korleis Bob Dylan sin musikk og lyrikk utvikla seg, og korleis han påverka 1960-talet og var ein sentral kommentator til det som hende dette tiåret. Dylan har vore på programmet tidlegare i Fusa folkebibliotek, då i norsk språkdrakt, men denne kvelden vert det den originale engelske utgåva. Som vanleg på kulturarrangement i biblioteket vert det enkel servering. Inngang kr 100,-.
 

8. mars i Fusa

Den internasjonale kvinnedagen blir i år markert på biblioteket i Eikelandsosen torsdag 8. mars frå kl 19.00 og det er gratis inngang. Tema for kvelden er "Kvinneliv verda rundt - innvandrarkvinner i Fusa fortel". Her vil kvinner med bakgrunn frå ulike land og kulturar dela sine erfaringar i spørsmålet om likestilling mellom kjønna. Det blir uformell prat rundt borda med kaffi og te. Ta gjerne med litt kaffimat. Alle interesserte er velkomne. Arrangørar er Kvinnenettverket på Fusa-halvøya i samarbeid med flyktningetenesta og kulturkontoret.
 
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 02.03.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30