Aktuelt frå kommunen

Krim i Torsdagsakademiet

Chris Tvedt - Klikk for stort bilete

Vårprogrammet i Torsdagsakademiet vert runda av med eit besøk i biblioteket av den populære krimforfattaren Chris Tvedt torsdag 4. mai kl 19.00. Som vanleg er det enkel servering og inngang kr 100,-.

 

Tvedt har skrive  ni kriminalromanar på elleve år om forsvarsadvokaten Mikael Brenne og Kripos-etterforskaren Edvard Matre. Chris Tvedt har også hatt fast spalte i Bergens Tidene i over ti år. Desse tekstane vart samla i boka ”Skrift i regn” i 2015.

Fra juss til krim

Bergensaren Chris Tvedt er utdanna jurist og arbeidde som forsvarsadvokat i nesten tjue år. Så ein dag kom han på ideen om eit fiktivt univers der ein advokat tar livet av ein av sine klientar. Dermed var krimhelten Mikael Brenne født og Chris Tvedt skifta beite og blei forfattar. Etter stor suksess med debutboka ”Rimelig tvil” i 2005 blei han forfattar på heiltid. Dette er den første av seks kriminalromanar med den noko lurvete forsvarsadvokaten Mikael Brenne som hovudperson. Den femte boka om Mikael Brenne heitte ”Dødens sirkel” og blei heidra med Rivertonprisen i 2010.  I følgje han sjølv skal Mikael Brenne ha ein del like trekk med forfattaren. Dei har same yrke og kontor i same blokk, men , innrømmer forfattaren, Mikael skal være tøffare og ha betre drag på damene.  

I 2012 skifta han side når han kom med boka ”Av jord er du kommet”. Dette er første av tre bøker om Kripos-etterforskaren Edvard Matre. Disse har han skrive saman med kona Elisabeth Gulbrandsen. Hans fascinasjon av menneskesinnet og kva som gjer folk til forbrytarar, har vært grunnlaget for hans interesse for krimsjangeren. Dessutan; i kriminalromanane går alltid kabalen opp og alt har eit svar. 
 
Chris Tvedt har nådd ut til eit stort publikum med bøkene sine. Torsdag får lesarane hans i Fusa høve til å møta forfattaren i Fusa folkebibliotek sin lokale i Eikelandsosen. Biblioteket ønskjer alle krimglade lesarar velkomne til sesongavslutninga i Torsdagsakademiet.  
 
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 02.05.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30