Aktuelt frå kommunen

Krigsminnetur 70 år etter

Fallskjermar og kontainarar frå flysleppa i Hålandsdalsfjella.  Fotografert på Solvang sommaren 1945. - Klikk for stort bileteFallskjermar og kontainarar frå flysleppa i Hålandsdalsfjella. Fotografert på Solvang sommaren 1945.

Mot slutten av 2. verdskrig gjennomførte dei allierte styrkane fleire flyslepp av millitært utstyr i Hålandsdalsfjella. 50 år etter vart det sett opp to minneplater på droppstadane. Søndag 6. september vert det invitert til ein krigsminnetur til desse minneplatene for å markera 70-årsminnet for freden.

Det er Fusa turlag og Fusa kommune som inviterer til denne spesielle turen i Friluftslivets år. Oppmøte vert ved parkeringsplassen til Bygdastølen ski- og tursenter kl 10.00. Første stopp på turen vert ved minneplata som vart sett opp i 2005 i nærleiken av skistadion. Herifrå går turen over Kjerringafjell til minneplata som er sett opp ved Ottanosa i 1994. Her var det flyslepp både i januar og mars 1945. 

Nu ser vi det hele
Minneplate over flyslepp i 2. verdskrig - Klikk for stort bilete Frå Ottanosa går turen vidare nord om Botnavatnet til minneplata ved Stemmefjellet som ligg nordvest for Botnavatnet. I dette området kom det aller første flysleppet, natt til 6. november 1944. 
 
Det var ei lokal motstandsgruppe med unge menn frå Hålandsdalen som tok i mot flysendingane. Gruppa vart organisert og lært opp av eksingedølen Jostein Nesheim som hadde bakgrunn som soldat i Kompani Linge. Kodemeldinga som varsla det første flysleppet var «Nu ser vi det hele» og den kom over radio frå England. Då måtte gruppa vera klar til mottak frå midnatt til klokka fire på natta i området ved Storfjell og Stemmefjell.
 
Retur via Sævell
Jubileumsturen vert sjølvsagt på dagtid og ein kan tillata seg å ta ein kortare veg heim. Returen frå Stemmefjellet går ned til veg på Va ved Sævell, der det vert organisert transport tilbake til Heihiller.
 
Det vert likevel ein lang og dryg tur og ein bør vera i god form. Du kan sjølvsagt velga å vera med på deler av turen. 

Dei som vil lesa meir om dei dramatisk hendingane den siste krigsvinteren i Fusa-fjella kan lesa "Verda inn over dørstokken". Boka kom ut i 1995 og er skriven av Ella Marie Brekke Vangsnes.
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 01.09.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30