Aktuelt frå kommunen

Kreative innspel til nytt kommunevåpen

Ordførar Atle Kvåle med 6. klassingar frå skulane i Strandvik, Fusa og Eikelandsosen - Klikk for stort bilete

Fredag 8. juni var det opning av utstilling i Kommunetunet med 6. klassingane i Os og Fusa sine forslag til kommunevåpen for Bjørnafjorden kommune. Alle barneskulane i Fusa har vore med, men Søre Fusa skule var heldige å bli trekt ut til vinnar av gåvekort på kroner 5.000. Alle bidraga er lagt ut digitalt på bjornafjordenkommune.no.

Det har vore full oppslutning om oppgåva frå skulane i Fusa og ved opninga av utstillinga var ordførar Atle Kvåle imponert over kreativiteten og mangfaldet i forslaga frå 6. klassingane. Meir enn 40 ulike symbol er med i utstillinga som skal vera ein inspirasjon og kjelde til arbeidet med å få fram eit endeleg og nytt kommunevåpen for Bjørnafjorden innan utgangen av 2018.

Oppgåva har tydeleg engasjert dei unge og fleire skular var representerte under den høgtidlege opninga. Alle som vil sjå den artige utstillinga, kan stikka innom Glasgato i den vanlege opingstida til 
Kommunetunet og Fusa folkebibliotek fram til 31. august. 

Kommunevåpenutstilling i Kommunetunet. - Klikk for stort bileteKommunevåpenutstilling i Kommunetunet.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 08.06.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30