Aktuelt frå kommunen

Kranselag for ny idrettshall

Prosjektleiar Tor Børresen og ordførar Atle Kvåle - Klikk for stort bilete

Fredag 10. august var det kranselag for den nye idrettshallen i Fusa. I løpet av sommaren har hallen fått tett tak. Milepelen vart markert med kranselag og matøkt med innbedne gjester fredag.

Programmet starta med ei synfaring i bygget der Fusa kommune sin eigen prosjektleiar Øystein Havsgård ønskte velkomen. Ein fekk sjå eit råbygg der det no vart gjort klar for golvstøyping. Det vert eit bygg med store dimensjonar.

Byggherren Fusa kommune spanderte god mat og kvit dame på arbeidarane i god kranselagstradisjon. Det var tale ved ordførar Atle Kvåle ved matøkta som vart halden i Eikelandsfjorden samfunnshus. Ordføraren overekte blomar til utbyggjar Hugaas entreprenør A/S sin prosjektleiar Tor Børresen og takka for godt samarbeid. Børresen kvitterte med å takka for uvanleg god og tett dialog med Fusa kommune som byggherre. 

Det var fleire som tok ordet under bordseta, både frå sponsorar og anleggsleiinga. Det var mykje skryt til prosjektet og fleire understerka at dette vert eit bygg som vil gje mykje glede til fusingane i fleire generasjonar framover. Etter planen skal idrettshallen stå ferdig til bruk frå 1. januar 2019.

Fotograf: Nils-Petter Borge Fotograf: Knut Revne Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 13.08.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30