Aktuelt frå kommunen

Korleis få til ein god prosess fram mot skulestart hausten 2016?

Eikelandsosen 1 - Klikk for stort bilete

8. januar hadde skuleleiarane, hovudtillitsvalde og einingsleiar for Undervisning møte for å planleggja prosessen fram mot samanslåing av skulane Strandvik-Fusa og Holdhus-Eikelandsosen. Det er laga ein prosessplan (PDF, 69 kB) for arbeidet framover vinter og vår. 

Mål for arbeidet

Møtedeltakarane sette opp følgjande mål for arbeidet med skulesamanslåingane: 

Ved skulestart hausten 2016

  • Er dei fire skulane to nye skular.
  • Er elevane trygge; dei kjenner dei vaksne, veit kven dei skal gå i klasse med, er kjend på skulen og veit korleis dei skal komma seg til og frå skulen.
  • Er foreldra informerte om klassar, tilsette, skulebygg, SFO-tilbod og skyss.
  • Veit dei tilsette om elevar og klassar, arbeidsoppgåver og skulebygg, og kjenner kollegaene sine.
  • Tar vi med oss det som vi er stolte av inn i arbeidet med å byggja ei ny felles plattform.

Prosessplan for å ivareta dei involverte

I det vidare arbeidet må elevane, foreldra, tilsette, arbeidstakarorganisasjonane, barnehagane og leiarane ivaretakast i særleg grad, opplyser einingsleiar Undervisning Anne-Merete Mærli Hellebø. Det er laga ein plan for kva tiltak som skal gjennomførast for å ivareta desse gruppene framover. Denne er sendt ut til elevar, foreldre og tilsette saman med eit informasjonsskriv.

Hellebø opplyser vidare at elevar, foreldre, tilsette og tillitsvalde knytt til dei fire skulane i løpet av våren 2016 vil bli involverte i ulike møtepunkt for på best mogeleg måte å førebu samanslåing av skulane. Det vert lagt vekt på god informasjonsflyt til alle involverte.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 13.01.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30