Aktuelt frå kommunen

Korleis er levekår og helse for barn og unge?

Barn som slår hjul på ei strand - Klikk for stort bilete

Ein fersk rapport kartlegg levekår og helse for barn og unge i Fusa. Rapporten omfattar m.a. oppvekst- og levekårsforhold, fysisk og sosialt miljø, helserelatert åtferd og helsetilstand. Rapporten skal vera eit kunnskapsgrunnlag i arbeidet med å redusera helserisiko og styrkja det som fremjar fysisk og psykisk helse.

Kva er bra i Fusa?

Det er mykje som er positivt når det gjeld barn og unge si helse og levekår i Fusa. Det er t.d. liten grad av barnefattigdom, svært låg del eineforsørgjarar og få hushald med låg inntekt. Få bur trongt og få unge er arbeidsledige. Fusa er blant dei ti beste kommunane i landet både når det gjeld lågt fråfall frå vidaregåande skule og høg fysisk aktivitet blant ungdomsskuleelevane. 

 

Kva må vi jobba vidare med?

Fleire utfordringar kjem fram, mellom anna at folkeveksten er relativt låg og gjennomsnittsalderen høg. Mange innbyggjarar får drikkevatn frå vassverk som ikkje oppfyller krava til prøvetaking eller vasskvalitet. Skuleelevane har påpeikt konkrete tiltak for å betra trafikktryggleiken kring skulane. Det manglar dokumentasjon, ressursar og/eller rutinar når det gjeld radon, inneklima, reinhald og vedlikehald på fleire skular og barnehagar i Fusa. Ein større del av elevane i 5. klasse enn landsgjennomsnittet viser lågaste meistringsnivå i lesing. Ein større del av 10. klassingane enn landsgjennomsnittet mistrivst på skulen. Jentene i Fusa ligg i øvste sjikt nasjonalt på psykiske helseplager. 

 

Vil du sjå heile rapporten?

Heile rapporten, med oppsummering, konsekvensvurdering og tiltak på side 9-13,  finn du her. (PDF, 4 MB)

 

Ikkje ein rapport for skrivebordsskuffen!

Planen er å gjera rapporten kjend i kommuneorganisasjonen og hos samarbeidspartnarar gjennom ei samling etter sommaren. Der vil vi jobba med konkret oppfølging av det som kjem fram i rapporten. 

Rapporten skal nyttast i planarbeid og i tiltaksarbeid. 

Publisert av Anne-Lise Aaseng. Sist endra 13.06.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30