Aktuelt frå kommunen

Kor mange glas toler barnet ditt?

Av-og-til-kampanjefoto mai 2013 - Klikk for stort bilete Illustrasjonsfoto

 

Sommaren er rett rundt hjørnet. I årets varmaste månadar drikk  nordmenn meir enn elles. I desse dagar set Fusa kommune difor fokus på alkoholbruk rundt barn og unge. 

Ta omsyn til barn og unge

Når vi har fri og temperaturen stig, drikk vi også meir alkohol. Dette kan få uheldige konsekvensar. Mange barn og unge opplever kvart år at sommerferien blir påverka av vaksne sitt alkoholkonsum.

"Barn trivst best med edru vaksne, då er ting som dei brukar og det kjennest trygt. I motsetning til oss vaksne, kan ikkje barna velja å forlata festen når dei ønskjer," understrekar Synne Stagrim Håve, sosialkonsulent i Fusa kommune og koordinator for AV-OG-TIL i Fusa.

AV-OG-TIL-kommune

Som AV-OG-TIL-kommune er Fusa i desse dagar med på eit samarbeid med alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL og eit tjuetal andre kommuner om å fremja godt alkovett saman med barn og unge. Målet er å få vaksne til å reflektera rundt sitt eige alkoholokonsum i samvær med barn og unge, og å redusera drikking rundt denne sårbare gruppa.

Barna sitt perspektiv

”Vi rettar ingen peikefinger, men ønskjer å setja søkelys på barna sitt perspektiv i samanhengar der det vert drukke alkohol. Å ta omsyn til barna, er å visa alkovett,” sier Kari Randen, dagleg leiar i alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL.

I Fusa vil de møta bodskapen gjennom plakatar, i brosjyrer og i lokalavisa Os- og Fusaposten.

Nyttige lenker:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 21.05.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30