Aktuelt frå kommunen

Kor mange glas toler barnet ditt?

Malin teller... - Klikk for stort bilete

Desember er den fuktigaste månaden i året, men jula er for mange òg eit kjærkomme høve til å samle heile familien. Kor mykje er det greitt å drikke i julehøgtida?

Jula er som eit forstørringsglas, og glade stunder blir gjerne endå gladare på denne tida. Men det som er vanskeleg, blir dessverre òg forstørra og blir derfor ofte endå vanskelegare i høgtida. For mange barn er julefeiringa prega av alkoholbruken til foreldra.

Kvifor bør vi tenkje oss om?

Alkovett handlar om å tenkje over om du vil drikke, og når du skal stoppe. Å bruke alkovett er spesielt viktig i jula når mange av oss er mykje saman med barn.

Alle barn er forskjellige og har ulike grenser for kva dei synest er greitt og ikkje greitt. Men det som er sikkert, er at barn merkar at vi er påverka av alkohol, fortare enn det vi gjer sjølve.

Når vi drikk alkohol, kan det vere vanskeleg for oss vaksne å oppdage når det går frå å vere triveleg til å bli ubehageleg for barna. Barn trivst best med vaksne som oppfører seg som dei pleier. Plutselege og uforklarlege åtferdsendringar gjer barna utrygge og kan vere vanskelege for dei å forstå. Barn som ser at foreldra er ruspåverka, liker det ikkje – sjølv om det berre skjer ein sjeldan gong.

Skal du feire jul med familien, er det derfor spesielt viktig at du tenkjer over korleis alkoholforbruket ditt påverkar dei rundt deg, særleg dei minste.

Av og til - Klikk for stort bilete

Våg å seie frå

I altfor mange familiar kan alkohol vere ein kime til konflikt. Det kan vere vanskeleg å seie frå dersom nokon ein er glad i, drikk så mykje at det går utover julestemninga kvart år. Sjølv om det verkar vanskeleg å ta «praten», fortener barna at vi vaksne tør å snakke om ubehageleg alkoholbruk med dei vi skal feire jul med.

Vil du vite meir?

Les meir på nettsidene til AV-OG-TIL: https://avogtil.no/artikler/hvorfor-bor-du-tenke-deg-om-for-du-drikker-foran-barn-og-unge-2/

Publisert av Heidi Chatrine Bergesen. Sist endra 22.12.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30