Aktuelt frå kommunen

Kor mange glas toler barnet ditt?

Illustrasjonsfoto. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto.

Mange barn får eit for stort ansvar når dei vaksne drikk. Og mange barn opplever at dei ikkje kan vera seg sjølve når vaksne drikk. Lat barn vera barn denne jula.  

Barn som må vera vaksne

Kvar morgon står barn og unge opp i dette landet og lurer på korleis dei skal koma seg gjennom dagen. Dei lurer på korleis dei skal klara å hindra at mamma eller pappa drikk for mykje. Og korleis dei skal passa på dei dersom det skjer. Dei planlegg korleis dei skal oppføra seg for å halda humøret til alle i familien oppe. Dei beskyttar, dei pleier, dei klovnar. Dei blir små politimenn, sjukepleiarar og komikarar. Dei tek på seg ei vaksenrolle. 

Ingen juleidyll

I alle lokalsamfunn finst det barn som opplever at dei vaksne drikk for mykje. Og det er fleire enn vi trur. For desse barna er julefeiringa ekstra utfordrande. Det er høge forventingar til at jula skal vera perfekt og lukkeleg. I det verkelege livet er det dessverre ofte ganske annleis. 

"Mange barn har eit tungt ansvar kvilande på dei små skuldrene sine. For desse barna er høgtida prega av stress og foreldra si drikking. Dei gler seg ofte til jula er over," seier dagleg leiar i AV-OG-TIL, Kari Randen

Tenk gjennom alkoholbruken

Desember er ein av dei absolutt fuktigaste månadene i året og er fylt av festlege høve. Når alkoholkonsumet i befolkninga stig, får det konsekvensar – også for dei minste. AV-OG-TIL oppmodar i samarbeid med Fusa kommune derfor alle foreldre til å tenkja gjennom alkoholbruken sin når dei er saman med barn og unge. 

"Barn reagerer ulikt når dei vaksne blir rusa. Enkelte tek på seg ei ansvarsrolle, andre kan bli klengjete, mens atter andre igjen trekkjer seg tilbake. Det som er felles for dei aller fleste barn, er at dei ikkje likar å sjå foreldra rusa, sjølv om det berre skjer ein sjeldan gong," seier AV-OG-TIL-kontakt Synne Stagrim Håve i Fusa kommune. 

AV-OG-TIL har laga tre sterke filmar for å formidla problemstillinga og for å minna vaksne på å tenkja over alkoholbruken saman med barn. Du kan sjå filmane på Facebook-sida til AV-OG-TIL eller på heimesida til AV-OG-TIL.  

AV-OG-TIL sine råd for ei god julefeiring:

  • Bruk alkovett. Tenk over på førehand om eller kor mykje du skal drikka saman med barna. Diskuter gjerne på førehand med dei du skal feira jul saman med.
  • Hugs at barn merkar endringa i oppførselen til dei vaksne når dei drikk, raskare enn det dei vaksne sjølve trur. «Lykkepromillen» kan sjå annleis ut for dei som er små.
  • Dersom du ser at barn har det vanskeleg på grunn av alkoholbruken til andre vaksne – ta kontakt med barnet. 
  • Ta kontakt med hjelpeapparatet, til dømes barnevernsvakta, dersom du observerer omsorgssvikt. 116 111 er alarmtelefonen for barn og unge. Frå utlandet ringjer du 00 47 95 41 17 55.
 
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 07.12.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30