Aktuelt frå kommunen

Kor mange glas tåler barnet ditt?

Fusa kommune er med i kampanjen Av og til. - Klikk for stort bileteFusa kommune er med i kampanjen Av og til.

Vi er på full fart inn i julehøgtida. Aviser, blad og sosiale medier vert fyllte av glansbilete av ”perfekte” julefeiringar. For veldig mange nordmenn er jula ei høgtid som vekkjer vonde minne.

"Jula er for mange ei påminning om kor lite ”vellykka” barndom ein sjølv hadde. Mange tenkjer attende på ei tid med brotne løfte og ein vond klump i magen. Vi høyrer historiar om barn som har teke ansvaret for å stella i stand til jul alt frå 10-årsalderen. Barn som står opp tidleg på julaftan og er fylt med frykt for at mor eller far ikkje vil vera i form til å laga julemiddag eller ikkje har hugsa å kjøpa inn gåver. I mange tilfelle blir foreldra si feiring så fuktig at barna sine behov blir gløymt. Det som i utgangspunktet skal vera den beste dagen i året blir kanskje den verste," seier leiar av AV-OG-TIL, Kari Randen.

Barn er totalt avhengige av dei vaksne rundt seg og likar best når foreldra oppfører seg som dei brukar. Difor kan det vera skremmande når vaksne plutseleg endrar oppførsel på grunn av alkohol. I motsetnad til oss kan ikkje barna velja å forlata festen når dei har fått nok.

Bli med – gjer ein forskjell for barn og unge!
I adventstida vil difor AV-OG-TIL med kampanjen "Kor mange glas tåler barnet ditt?" oppmoda vaksne til å tenkja over korleis ein nyttar alkohol i samvær med barn og unge. Ikkje med peikefinger, men med eit ønske om å gjera dei vaksne medvitne på barna sitt perspektiv i samanhengar der det vert drukke alkohol.
Sjå filmen om gode juleminne på Facebook, lik, del og støtt saka. Del også gjerne bilete av dine gode juleminne på Instagram merka #alkovett.

Mange gode krefter med på laget
Fusa kommune er AV-OG-TIL-kommune, og samarbeider med AV-OG-TIL om haldningsskapande arbeid. Difor er vi også med og støttar opp om kampanjen "Kor mange glas tåler barnet ditt?"

I tillegg er desse samarbeidspartnarar: Actis – rusfeltet sitt samarbeidsorgan, Barn av rusmisbrukarar – BAR, barnogunge.no – ein nettstad for barn og unge av rusmisbrukarar, Blå Kors, Den Norske Kyrkja – Kyrkjerådet, Unicef, Røde Kors, Landslaget for rusfri oppvekst, Familieklubbane i Norge, IOGT, Junior- og barneorganisasjonen JUBA, Norges KFUK-KFUM, Norsk Sykepleierforbund, Norsk Barnelegeforening og Utdanningsforbundet.

Dagleg leiar i AV-OG-TIL Kari Randen oppfordrar vaksne til å bruke alkovett rundt born og unge i førjulstida.  - Klikk for stort bileteDagleg leiar i AV-OG-TIL Kari Randen oppfordrar vaksne til å bruke alkovett rundt born og unge i førjulstida.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 16.12.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30