Aktuelt frå kommunen

Konsulentgjennomgang av kommunal drift

Konsulentrapportane som kommunestyret har bestilt, vart presenterte for politikarar, leiarar og tillitsvalde på eit møte torsdag 21. august. Rapportane vert vidare del av grunnlagsmaterialet i arbeidet med økonomiplan 2015-2018 og budsjett 2015 for Fusa kommune.

Innsparing

Kommunestyret bestilte i fjor (k-sak 035/13) ein ekstern gjennomgang av drifta i Fusa kommune der det skulle vurderast 1. kva reduksjonar som kan gjennomførast utan at det betyr redusert kvalitet på tenestene, 2. kva som er lurt å gjera/ikkje gjera for å nå målet om auke i folketalet, og 3. forslag til reduksjonar på minst 15 mill med konsekvensvurdering. 

Avgrensing og konkretisering

For å få tid til å få vurderingane med i budsjettarbeidet for 2015, avgrensa formannskapet i sak 001/14 (PDF, 54 kB)bestillinga til fire område: Skule og oppvekst, helse og omsorg, administrasjon, og innkjøp. Oppdraget vart konkretiserte til følgjande:

  1. Ein gjennomgang av kommuneadministrasjonen
  2. Eit kostnadsstyringsprosjekt på innkjøpsområdet
  3. Ein kostnadsstyrings-/innsparingsanalyse for helse- og omsorgsområdet
  4. Ein kostnadsstyrings-/innsparingsanalyse for skule og oppvekstområdet

Etter tilbodskonkurranse vart fire ulike konsulentfirma engasjerte for å gjennomføra analysane: Mercuri Urval, Odin, PWC og Agenda Kaupang. 

Presentasjon

På møtet i dag torsdag 21. august presenterte konsulentane rapportane sine. Tre av dei er tilgjengelege for offentleg innsyn (sjå nedanfor). Den fjerde rapporten, som omhandlar innkjøpsområdet, er unnateke det offentlege av omsyn til kommunen sin forhandlingsposisjon og forretningshemmelegheiter hjå leverandørane (jf. offentleglova § 23 og 13, jf. fvl. § 13, 1. ledd nr. 2.3.). Ein offentleg versjon av rapporten er gjort tilgjengeleg nedanfor.

Rapportane:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 05.11.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30