Aktuelt frå kommunen

Kommunestyremøte torsdag 18. juni

Kommunestyret 2011-2015 samla i Kommunetunet i Eikelandsosen ved starten av valperioden. Arkivfoto. - Klikk for stort bileteKommunestyret 2011-2015 samla i Kommunetunet i Eikelandsosen ved starten av valperioden. Arkivfoto.

Kommunestyret skal handsama ei lang rekkje store saker på sitt siste møte før sommarferien. Møtet finn stad på Hålandsdalen leirskole torsdag 18. juni kl 11 og er ope for alle interesserte. 

Mellom dei 15 sakene som står på dagsorden er ny arealplan, vegnamn/adressering i Hålandsdalen og søre delen av Fusa, kommunereforma, skulestruktur, risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) for Fusa kommune, årsmelding og rekneskap for 2014, og første tertialrapport 2015.

På sakskartet står òg forvaltningsrevisjon innan tilpassa opplæring og spesialundervisning i Fusa kommune, strategisk næringsplan for bergensregionen, søknad frå Vinmonopolet, reguleringsplan for Haganeset, spørsmålet om fritak for barnehagebetaling for flyktningebarn, interkommunalt samarbeid om tilsyn med forsøpling etter forureiningslova, og revidert gebyrregulativ for 2015 for Plan, byggesak og oppmåling.

Snarveg:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 16.06.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30