Aktuelt frå kommunen

Kommunestyremøte og ekstramøte i formannskapet

Ei hand slår i bordet med ei møteklubbe. Foto. - Klikk for stort bilete

Det vert møte i kommunestyret torsdag 04.10.2018 kl. 17.00 i dagsenterlokala på Fusa vidaregåande skule i Eikelandsosen. Sjå sakspapir. Same dag kl. 16.00 vert det ekstramøte i formannskapet på møterom 126 i Kommunetunet i Eikelandsosen. Sjå sakspapir. Møta er opne for alle interesserte.

Sakliste

Kommunestyret har ei kort sakliste i dette møtet. Dei skal ta for seg: 

  • orientering om budsjettprosessen 2019-2022
  • tilleggsløyving til ombygging/rehabilitering av sjukeheimen
  • tertialrapporten for drifta i kommunen i andre tertial i år
  • og rutine for tilsyn med barnehagar i Midthordland kompetanseregion.

Politiske gruppemøte

Måndag 01.10.2018 kl. 18.00 held partia gruppemøte i samband med kommunestyremøtet og ekstramøtet i formannskapet.

Gruppemøta finn stad i Kommunetunet i Eikelandsosen. 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 02.10.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30