Aktuelt frå kommunen

Kommunestyremøte med synfaring og kommunereform

Kart som viser deler av Hordaland fylke med innteikna kommunegrenser og namn. Kart. - Klikk for stort bilete

Kommunestyret har møte på Tønnegarden på Bogøy torsdag 7. mai kl 15. Kommunereforma er ei av sakene. Det har vore arrangert tre folkemøte dei siste vekene, og no er det politikarane sin tur til å drøfta vegen vidare.   

Saklista
 
På saklista står elles framlegget til bustadsosial handlingsplan for Fusa kommune, årsmelding frå kontrollutvalet, høyringsuttale til samferdsleutgreiinga om aust-vest-sambandet, kunstgrasbane ved Nore Fusa oppvekstsenter og søknad om skjenkeløyve. Sakliste med sakspapir er publisert på heimesida og lagt ut på biblioteket i Kommunetunet.
 
Barnehagesynfaring
 
Holmefjord barnehage flytta sist veke inn i nye lokale ved Nore Fusa oppvekstsenter. Kommunestyret skal på synfaring i den nye barnehagen før sjølve kommunestyremøtet. Synfaringa startar kl 14.00. Frammøte på Nore Fusa oppvekstsenter.
 
Ope møte
 
Kommunestyremøtet er ope for alle interesserte. 
 

Det vert medlemsmøte i politiske parti vedkomande kommunestyresakene måndag 4. mai kl 19.00 i Kommunetunet.  

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 04.05.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30