Aktuelt frå kommunen

Kommunestyremøte med historisk sus

Blogg for ein ny kommune - Klikk for stort bilete

Torsdag 24. august er det felles kommunestyremøte for Os og Fusa. Dette blir ein kveld for historiebøkene der ein skal bestemma både namn på ny kommune, politisk utvalsstruktur og andre viktige føringar for samanslåingsprosessen. Møtet er på Fusa vidaregåande skule og tek til kl 17.00 og er ope for alle interesserte. 

Første delen av møtet er eit fellesmøte med dei to kommunestyra. Det er fylkesmann Lars Sponheim som har kalla inn til fellesmøte. Han vil orientera dei to kommunestyra og vera ordstyrar i den etterfølgjande drøftinga.

Dei to kommunestyra skil så lag og skal kvar for seg gjera dei formelle vedtaka som vil setla og gje rammene for den vidare samanslåingsprosessen fram til 1. januar 2020. Sjå 
sakspapir (PDF, 16 MB)

 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 23.08.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30