Aktuelt frå kommunen

Kommunestyremøte 4.1. på Fusa vgs.

Ei hand slår i bordet med ei møteklubbe. Foto. - Klikk for stort bilete

Kommunestyret har møte torsdag 4.1. kl. 18. Møtestad er Fusa vidaregåande skule i lokala til Trivselstunet arbeids- og aktivitetssenter. Det står berre ei sak på innkallinga, og det er val av ny fellesnemnd frå Fusa kommune. Sakspapira finn du her. (PDF, 2 MB)  

Kommunelova seier at ved samanslåing av kommunar skal det opprettast ei fellesnemnd til å samordna og førebu samanslåinga. Vidare heiter det at nemnda bør spegla av innbyggjartalet i dei enkelte kommunane. Det skal likevel vera minimum tre medlemmer i nemnda frå kvar kommune. Fellesnemnda vert valt av og blant medlemmene i kommunestyret. Nemnda vel sjølv leiar og nestleiar. 

Det er allereie valt fellesnemnd frå Fusa, men samansetninga av nemnda kjem opp til ny behandling i møtet på torsdag. 

Publisert av Anne-Lise Aaseng. Sist endra 02.01.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30