Aktuelt frå kommunen

Kommunestyremøte 18. februar

Ei hand slår i bordet med ei møteklubbe. Foto. - Klikk for stort bilete

Kommunestyret har møte i Kommunetunet torsdag 18. februar kl 16.00. Møtet er ope for alle interesserte. 18 saker skal handsamast. På sakskartet står m.a. mottak av flyktningar, kommunereforma og diverse skule- og barnehagesaker. Sjå sakspapira

Dette er nokre av sakene:

  • auka mottak og busetjing av flyktningar - sak 2/16
  • mottak av einslege mindreårige flyktningar - sak 3/16
  • oppstart kommunal planstrategi for Fusa kommune 2017-2020 - sak 4/16
  • eigarskapsmelding 2016-2019 - sak 5/16
  • kommunereforma - status og vidare framdrift for arbeidet i Fusa (PDF, 695 kB) - sak 17/16
  • vegsamband frå E134 til Bergen - sak 18/16 (PDF, 695 kB). Fusa kommune løyver kr 150 000 til utgreiingsarbeid for å dokumentera og kvantifisera ulike lokale og regionale effektar av eit raskare vegsamband frå E134 til Bergen 
  • oppnemning av råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne - sak 12/16
  • barnehage- og skulesaker - sak 6-9/16 (skulestruktur trinn to, organisering av barnehagar, vedtekter SFO, spørsmål om leige/overtaking av skulebygga i Strandvik og på Holdhus). 
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 16.02.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30