Aktuelt frå kommunen

Kommunestyremøte 15. desember

Ein stabel med norske myntar oppå eit teppe av norske setlar av ulik valør. Foto. - Klikk for stort bilete

Fusa kommunestyre har møte torsdag 15. desember frå kl 10.00 på Skjelbreid Poirée konferansesenter. Det er mange store saker på dagsorden, frå budsjett og økonomiplan til kommunal planstrategi, statusrapport for fleirbrukshall mm. Sjå sakspapir.

I alt skal kommunestyret handsama 25 saker på dette siste møtet i 2016. Møtet er ope for alle interesserte.

Det er politiske gruppemøte i forkant av kommunestyremøtet måndag 12. desember kl 18.00. Gruppene til Høgre og Senterpartiet har sine møte frå kl 16.15 same dag.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 12.12.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30