Aktuelt frå kommunen

Kommunestyremøte 13. oktober 2016

Ei hand slår i bordet med ei møteklubbe. Foto. - Klikk for stort bilete Det vert møte i kommunestyret torsdag 13. oktober klokka 17.00 i Kommunetunet i Eikelandsosen. Møtet er ope for alle interesserte. Politikarane skal m.a. handsama planarbeid som gjeld kultur, flyktningar, akvakultur og bustadfelt, tertialrapport, gards- og bygdenamn i Fusa og vidare arbeid med kommunereforma.

Sjå innkalling med sakspapir (PDF, 8 MB) og vedlegg til sak 70 (PDF, 149 kB) (planprogram for kommunedelplan for kultur). Innkalling og sakspapir er òg tilgjengelege i biblioteket i Kommunetunet.

Saker

Kommunestyret skal handsama følgjande saker:

  • Godkjenning av møteprotokoll
  • Prosjektrapportering formannskapet 2016
  • Tertialrapport pr. 1.9.2016
  • Handlingsplan for busetjing og integrering av flyktningar i Fusa kommune 2016-2020
  • Planprogram for kommunedelplan for kultur 2016-2027
  • Framlegg til gards- og bygdenamn i Fusa
  • Søknad om skjenkeløyve - perioden til og med 30.09.2020 - Handelslaget
  • Selskapsavtale for IKA Hordaland - endringar
  • Kommunereforma - vidare arbeid
  • Framlegg til planprogram for kommunedelplan for akvakultur
  • Detaljregulering for Stallabrotet øvre, bustadfelt - Godkjenning av plan

Politiske gruppemøte

Det vert gruppemøte i dei politiske partia/gruppene i Kommunetunet:

  • måndag 10.10.2016 kl 18.00
  • AP: måndag 10.10.2016 kl 19.00  
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 06.10.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30