Aktuelt frå kommunen

Kommunestyremøte 12. april 2018

Ei hand slår i bordet med ei møteklubbe. Foto. - Klikk for stort bilete Torsdag 12. april kl 17.00 er det møte i kommunestyret i dagsenterlokala på Fusa vidaregåande skule. Planprogrammet for områdeplanen for Eikelandsosen er mellom sakene politikarane skal handsama. Møtet er ope for alle interesserte. Sjå sakspapira.

Områdeplan for Eikelandsosen

I saksutgreiinga heiter det at rådmannen meiner planprogrammet gjev ei god framstilling av utfordringar og behov i Eikelandsosen, og at det trekkjer fram fleire positive element som ein kan byggja vidare på for å styrkja kommunesenteret som bumiljø og handelssentrum.

Planprogrammet har vore på høyring i januar-februar 2018. Det kom inn 30 innspel i høyringsperioden, og det vart arrangert folkemøte med godt oppmøte. Det vert framheva i saksutgreiinga at innspela som kom inn, er gode og konstruktive og har bidratt til å gjera planprogrammet betre. 

Torsdag 12. april skal politikarane ta stilling til om dei godkjenner planprogrammet slik det no ligg føre. 

Politiske gruppemøte

Det vert politiske gruppemøte om kommunestyresakene måndag 9. april kl 18.00 i Kommunetunet. SP har gruppemøte torsdag 12. april kl 16.15 i Kommunetunet.

 
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 09.04.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30