Aktuelt frå kommunen

Kommunestyremøte 11. april 2019

Ei hand slår i bordet med ei møteklubbe. Foto. - Klikk for stort bilete

Fusa kommunestyre har møte torsdag 11.04. kl. 17.00. Møtet finn stad i "Trivselstunet" - dagsenteret på Fusa vidaregåande skule i Eikelandsosen. Sjå møteinnkalling og saksdokument. Møtet er ope for alle interesserte.

Saker

Kommunestyret skal m.a. handsama drift av Holdhus barnehage komande barnehageår, og oppretting av eit ad hoc-utval for ny brannstasjon. Den første saka er ein konsekvens av barnehageopptaket i 2019. Den andre saka har som mål at politikk og administrasjon skal koma fram til ei felles forståing av korleis kommunen kan løysa utfordringane som er skisserte i avvik og lovkrav til brannvernteneste, og planleggja ny brannstasjon.

Kommunestyret skal òg ha oppe to reguleringsplanar til godkjenning: Strandvik bygdepark og Sævareid fiskeanlegg/Sævareid sentrum. Og dei skal handsama m.a. oppstart av planarbeid for områdeutvikling på Holmefjord, vass- og avløpsanlegg på Koldal, og løyving til interimsstyret for Bjørnafjorden ungdomsråd.  

Gruppemøte

I samband med kommunestyremøtet vert det gruppemøte i dei politiske partia måndag 08.04.2019 kl. 18.00 i Kommunetunet i Eikelandsosen.

 
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 11.04.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30