Aktuelt frå kommunen

Kommunereformarbeidet i Fusa, Os og Tysnes

Kartutsnitt med kommunane rundt Bjørnafjorden - Klikk for stort bilete Dei tre kommunane Fusa, Os og Tysnes tek sikte på å danna ein ny Bjørnefjorden kommune frå 1. januar 2020. Det er kommunestyra i dei tre kommunane som til slutt vedtek om dette skal skje eller ikkje. Arbeidet for ei eventuell kommunesamanslåing held fram i vår. Endeleg vedtak vert fatta 16. juni 2016. 

Bakgrunn for kommunereforma

 

Stortinget ønskjer å gjennomføra ei kommunereform, der fleire kommunar slår seg saman. Målet er større, meir robuste kommunar med auka makt og myndigheit, som er betre rusta for utfordringar i framtida og auka forventningar frå innbyggjarane.

Alle kommunane i Noreg vart hausten 2014 inviterte til å starta arbeidet med å avklara om det er aktuelt å slå seg saman med nabokommunar. Kommunane skal fatta vedtak om eventuelle samanslåingar innan 1. juli 2016.

Kva har skjedd så langt?

I 2014 møttest kommunane Austevoll, Fusa, Os, Tysnes og Samnanger for innleiande samtalar om endring av kommunestrukturen i området. Samnanger ønskte ikkje å gå vidare med arbeidet etter desse samtalane, medan kommunane Austevoll, Fusa, Os og Tysnes heldt fram. I byrjinga av 2016 bestemte Austevoll seg for at heller ikkje dei ønskte å gå vidare med arbeidet. Tre kommunar står då att med eit ønskje om vidare samarbeid: Fusa, Os og Tysnes. 

Kva skjer no?

I dag jobbar desse tre kommunane rundt Bjørnafjorden med å greia ut eit alternativ om samanslåing til éin kommune. Arbeidsnamnet på den nye kommunen er "Bjørnefjorden kommune".

Politiske styringsgrupper har arbeidd med kommunereforma i alle dei tre kommunane. I byrjinga av 2016 vart det oppnemnt forhandlingsutval, som består av ordførar, varaordførar, opposisjonsleiar og rådmann i Fusa, Os og Tysnes. Assisterande rådmann i Os kommune, Paul J. Manger, er prosessleiar for arbeidet.

Forhandlingsutvala og dei tillitsvalde møttest til første møte 16. mars, der eit framlegg til intensjonsavtale vart presentert. Intensjonsavtalen er eit dokument som skildrar korleis dei tre kommunane ser for seg at ei eventuell samanslåing kan skje.

Vegen fram mot eit vedtak

Forhandlingsutvala og dei tillitsvalde møttest 25. april for å arbeida vidare med framlegget til intensjonsavtale. Målet er å signera intensjonsavtalen i 9. mai.

Intensjonsavtalen skal behandlast i ekstraordinært kommunestyremøte 18. mai i alle dei tre kommunane. I desse møta vil dei tre kommunestyra òg ta stilling til korleis innbyggjarane skal få seia si meining om ei samanslåing før endeleg vedtak 16. juni. Eventuelle folkemøte vil skje i slutten av mai. Ei meiningsmåling kan vera aktuell i starten av juni.

Slik får du informasjon om kommunereforma

Det er mykje usikkerheit knytt til kva ei eventuell kommunesamanslåing vil ha å seia for innbyggjarane og dei kommunale tenestene. Denne usikkerheita ønskjer vi å ta på alvor, og leggja til rette for ein open, ærleg og raus debatt.

Dei tre forhandlingsutvala har det overordna ansvaret for kommunikasjonen i reformprosessen. Forhandlingsutvala er opptekne av openheit og av å gje innbyggjarane og andre interessegrupper rett og relevant informasjon om prosessen fram mot ei eventuell samanslåing.

All informasjon skal vera tilgjengeleg for alle interesserte.

Informasjonskanalar

Intensjonsavtalen inneheld føringar for korleis og i kva for kanalar vi vil informera om det vidare arbeidet.

  • Utover i mai månad vil du finna meir informasjon på kommunane sine eigne nettsider og gjennom artiklar og annonsar i media.
  • Vi har planlagt utsending av ein informasjonsbrosjyre til alle husstandar i Tysnes, Fusa og Os i løpet av mai.
  • Vi ønskjer òg å invitera til opne folkemøte i slutten av mai, der du får høve til å stilla spørsmål til politikarane og koma med dine meiningar.
  • Kommunetilsette vil i tillegg få informasjon på interne nettsider.
  • Vi vil leggja ut oppdatert informasjon om arbeidet med kommunereforma på temasida om kommunereforma i etterkant av møta i vår.
  • I mai vil du kunna lesa framlegg til intensjonsavtale og andre dokument.
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 27.04.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30