Aktuelt frå kommunen

Kommunedelplan for akvakultur 2019-2027 er lagt ut til høyring

Oppdrettsanlegg Mjånes - arkivfoto - Klikk for stort bilete Jørgen Fagerthun

Utval for plan og miljø (UPM) vedtok samrøystes i møte 31.01.2019 å leggja kommunedelplan (KDP) for akvakultur ut til høyring og offentleg ettersyn. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova §§ 1-1, 1-5 og kap. 11. Bruk gjerne skjema for høyringsuttale, med referanse til sak 6/1096. Høyringsfrist: 29. mars 2019.

Det er utarbeid eit framlegg til kommunedelplan for akvakultur i Fusa kommune. I UPM-møtet 31.01.2019 vart det gjeve ei orientering om planarbeidet. Utvalet fekk òg høve til å stilla spørsmål og drøfta saka med administrasjonen og konsulent. 

Utgangspunkt og innhald

Planframlegget tek utgangspunkt i planprogrammet, datert 08.09.2017. Samfunnsdelen til kommuneplanen slår òg fast at vi skal ha ei livskraftig og berekraftig havbruksnæring i Fusa, og at vi vil leggja til rette for akvakultur på land og i sjø.

Akvakulturplanen skal sikra areal for berekraftig vekst og utvikling i marin sektor innafor grensene til Fusa kommune.

Planen består av planomtale, plankart, føresegner, og konsekvensutgreiing (KU) med risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS). Planen erstattar sjødelen i eksisterande arealdel.

Kva fokuserer planen på?

Planframlegget viser hovudtrekk i arealdisponeringa for akvakultur, og søkjer å løysa utfordringar knytt til følgjande fokusområde:

  • Storleik på AK-område kring eksisterande lokalitetar
  • Gjennomgang av om eksisterande lokalitetar er eigna
  • Moglege nye AK-område
  • Fortøyingar/ankerfeste til oppdrettsanlegg
  • Akvakulturområde som tangerer område avsett til fiske
  • Fortøyingar som ligg i nabokommunar (ikkje aktuelt)
  • Interkommunalt samarbeid (ikkje aktuelt)
  • Innspel knytt til akvakultur (landbasert, parkeringsplassar osb.)
  • Sjøområde for anna produksjon (t.d. tare, sjøpølse og anna)

Fokusområda er vedteke i kommunestyret som del av planprogrammet. 

Risiko og sårbarheit

Saksutgreiinga syner verknadane av planen, og alle uttalar til planarbeidet er kommentert i vedlegg.

Det er ikkje avdekt stor risiko for gjennomføring av planframlegget. For dei utfordringane ROS-analysen avdekkjer, meiner kommunen at ein har kome fram til gode løysingar. Desse løysingane er implementert i føresegner og kart (sjå detaljerte vurderingar på side 87 og ut i konsekvensutgreiinga).

Det er i tillegg gjort ei ekstra vurdering av habiliteten til ein av medlemmane i UPM, sjå vedlegg nedanfor. 

Meir informasjon og dialog

Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer å drøfta detaljar i saka. Fusa kommune ønskjer god dialog med alle partar i planarbeidet.

Målet er vedtak av planen sommaren 2019.

Høyringsdokument:

Andre vedleggsdokument:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 15.02.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30