Aktuelt frå kommunen

Kolonikrønike i Torsdagsakademiet

Fartein Horgar - Klikk for stort bilete

Forfattaren Fartein Horgar er gjest i Torsdagsakademiet på Fusa folkebibliotek 19. oktober kl 19.00. Horgar er aktuell med ein storslått romanserie om eit dansk-norsk kolonieventyr på dei vestindiske øyane som starta opp på 1600-talet og varte heilt fram til 1917.

 

Fartein Horgar er født i Bergen som misjonærbarn i tredje generasjon og vaks opp på Madagaskar. Dette var ramma for hans første roman Tabu frå 1993.

Danmark-Noreg som kolonimakt

I sitt siste prosjekt har Fartein Horgar teke tak i eit stoff om eit meir ukjend historisk kapittel. "Paradisets elendige", som kom i 2016, er første bok i ein romanserie om dei dansk-norske koloniane i det karibiske hav. I boka reiser vi 350 år tilbake i tid. Danmark er i ferd med å bli ei oversjøisk kolonimakt, Noreg og Danmark er i union.

Frå Bergen til Vest-India

På veg frå Danmark til Vest-India må skipet "Færø" søkja naudhamn i Bergen. Her mønstrar den unge strilen Johannes Hauge på skipet. Johannes er på rømmen etter eit brotsverk og søkjer eit nytt liv i den karibiske kolonien. Der kan ein som som jobbar hardt nå langt, men alt har sin pris. Grunntema i boka er tidsånda og menneskesynet som gjorde slaveri mogeleg.

Nytt perspektiv

Bok nr to i serien, «I slaktemåneden», kom i vår og i denne boka er vi komne fram til første halvdel av 1700-talet. Vi følgjer ei ung slavejente sin kamp for å overleva på koloniøya St Jan. Øysamfunnet gjennomlever både naturkatastrofe og slaveopprør. Medan vi i første boka såg "kolonieventyret" gjennom Johannes frå Øygarden, er perspektivet denne gang gjennom augene til slavejenta Tahiry.
 
Fartein Horgar (f 1955) er i dag busett i Stjørdal, men har tidlegare også budd i Os. Han har skrive eit 20-tals bøker. Romanserien om dei dansk-norske koloniane kjem ut på Aschehoug forlag. Besøket i Fusa torsdag 19. oktober er ein del av turné der han m.a. vitjar Os folkebibliotek måndag 16. oktober.

Torsdagsakademiet held til i Fusa folkebibliotek sine lokale i Kommunetunet, Eikelandsosen, med start kl 19.00. Inngang kr 100,-. Alle interesserte er velkomne.
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 16.10.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30