Aktuelt frå kommunen

Klokka går i Torsdagsakademiet

Tønner av tid - Klikk for stort bilete

Anja Tveiterås og Ole Bjørn Eikeland er gjester i Torsdagsakademiet til Fusa folkebibliotek 21. april kl 19.00. Tema for programmet er tid: Tida som går. Tida som kan målast. Tida som oppleving. Tida som symbol. 

Dei to vil møta dette eviggyldige og store temaet «tid» frå to høgst ulike innfallsvinklar.

Anja Tveiterås er biletkunstnar, illustratør og forfattar av skjønnlitterære tekstar. Hennar utgangspunkt er kunstnaren sitt kreative og intuitive blikk der ho m.a. har henta inspirasjon frå den fysiske klokka, urverket. 
 
Ole Bjørn Eikeland er realisten som reflekterer og diskuterer med utgangspunkt i den naturvitskaplege tilnærminga til tid, men også han er oppteken av det subjektive og korleis vi forstår tida gjennom språket.
For Anja har fabuleringa rundt tid resultert i ulike kunstnarlege arbeid innan biletkunst, medan Ole Bjørn denne vinteren har gjeve ut ei lita bok; «Klokka går – Tolv tankar om tid» på Kolofon forlag.
 
Begge har dei bakgrunn som lærarar og kollegaer på Fusa vidaregåande skule. Torsdag 21. april har dei eit heilt anna publikum i Torsdagsakademiet, der dei vil fortelja om sine tankar om og arbeid med temaet «tid». Som vanleg vil det også vera dialog med eit engasjert publikum og enkel servering. 

Arrangementet er i Fusa folkebibliotek sin lokaler i Kommunetunet, Eikelandsosen. Inngang kr 100,-. Arrangementet er støtta av Nasjonalbiblioteket.
 
Siste program før sommaren vert torsdag 12. mai med tema «Saborg og flysleppa i Fusa under 2. verdskrigen», med forfattarane Ole Jacob Abraham og Terje Olsen som gjester.
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 20.04.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30