Aktuelt frå kommunen

Klart for Ungdommens kulturmønstring 2014

Idar Rolland og Eirik Søfteland hadde UKM-stunt med konsert på Os ungdomsskule torsdag. - Klikk for stort bileteIdar Rolland og Eirik Søfteland hadde UKM-stunt med konsert på Os ungdomsskule torsdag. Erik Vangsnes

Det vert Ungdommens kulturmønstring for Os og Fusa søndag 26. januar i Oseana kunst- og kultursenter. Det har kome mange påmeldingar på tampen og det vert i alt 19 sceneinnslag og 3 utstillarar. Du finn informasjon om alle bidraga kan du no lesa på Midtsiden.no . Arrangementet byrjar kl 16.00. Inngang kr 100/ kr 300 for familiar.

Ungdommens kulturmønstring for Os og Fusa ser dermed ut å gå mot ein nytt suksessfyllt arrangement med god deltaking frå dei 2 kommunane. Ein ekstra innsats i marknadsføringa har gjeve resultat.

UKM-ambassadørar

I år har Idar og Eirik vore UKM-ambassadørar for å få merksemd om lokalmønstringa. Elevane på Fusa ungdomsskule fekk onsdag 15. januar ein minikonsert i storefri med fjoråret sin store UKM-komet Idar Rolland.

Torsdag fekk Idar eit endå større publikum på Os ungdomsskule saman med Eirik Søfteland. Her var det stor stemning og stinn brakke! Eirik har også ei fortid som UKM'ar og snakka varmt om å bruka ein kvar sjanse til å koma vidare og perfeksjonera det ein held på med. UKM er ein slik sjanse! Idol-Eirik har også sagt ja til å vera med i den lokale juryen som skal plukka ut kven som skal vera med vidare til fylkesmønstringa.

Sjå omtale og videosnutt hjå Midtsiden.

Søndag 26. januar

No er det altså klart for ny lokal mønstring for Os og Fusa søndag 26. januar 2014 med start kl 16.00. Inngangsbilletten for publikum er kr 100 (300 kr for familiar).

Lokale kontaktpersonar for UKM i Fusa er rektor for kulturskulen Are Fløisand og kulturleiar Erik Vangsnes. Dei som har spørsmål og ønskjer å vita meir om arrangementet kan venda seg til Are og Erik. Ta kontakt på telefon 56580100 eller postkasse@fusa.kommune.no.

Idar Rolland frå minikonsert på Os ungdomsskule - Klikk for stort bileteIdar Rolland frå minikonsert på Os ungdomsskule Erik Vangsnes

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 23.01.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30