Aktuelt frå kommunen

Klart for UKM på Oseana

Ungt driv på UKM 2014 - Klikk for stort bilete

 Det vert arrangert felles Ungdommens kulturmønstring for Os og Fusa laurdag 14. mars. Utstillinga opnar kl 15.15 medan sceneprogrammet tek til kl 16.00. På 4. året vert mønstringa arrangert i Oseana kunst og kultursenter. Sjå program (PDF, 285 kB).

Stor breidde

Til sceneprogrammet er det meldt på i alt 16 innslag. Her vert det alt frå hardtslåande rock til rolege ballader, klassisk piano og dans. Du kan få oppleva nye talent som ”De innlagte”, ”Fossegrim”, ”Malle og Slash” frå Os og ”The Lawbreakers”, ”The New Originals” og ”Natasja og Idar” frå Fusa. Det er god deltaking frå begge kommunar. Nokre ferskingar og andre meir erfarne i UKM. Nytt av året er at vi får eit samarbeid mellom elevar frå kulturskulane i Os og Fusa. Her skal det dansast til vals av Frederic Chopin!


Unge kunstnarspirer

I utstillinga som vert rigga i foajeen er det med arbeid av 4 lokale kunstnarar med til saman 18 arbeid. To av utstillarane Bo Mathys (Fusa) og Annika Svendal Os (Os) gjekk vidare til både fylkesfinale og landsfinale i 2014. Det blir spennande å sjå kva utstillinga kan by på i år.

Til saman skal over 70 lokale ungdomar i alderen 13-20 år i aksjon laurdag ettermiddag og juryen som skal plukka ut deltakarar til fylkesmøntringa vil truleg få ein stri tørn også i år.

Ungdomen viser veg
For publikum blir dette eit unikt høve til å sjå kva som spirer og gror i det unge kulturlivet. Som tidlegare år har ein fått med pauseinnslag utanom hovudprogrammet i ventetida på juryen si avgjerd.

UKM på 30. året
I fjor var pauseinnslag frå stjerneskota Aurora Aksnes og Gina Aspenes, i år vert det talenta Hans Marius Johnsen og Fredrik Dahle Kristiansen frå Os og Håvard Skåtun frå Fusa som vert presentert.

Kommunane Os og Fusa samarbeider om arrangementet som i år går av stabelen for 30. gong. 

Du kan kjøpa billett i døra, kr 100,- per person, barn under skulealder gratis.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 13.03.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30