Aktuelt frå kommunen

Klart for UKM-fylkesmønstring

Ungdommens kulturmønstring i Oseana 2015. - Klikk for stort bilete

I helga er det i Bergen ungdommens kulturmønstring (UKM) for heile Hordaland. Både laurdag 18. og søndag 19. april er det eit stort kulturprogram på USF Verftet, Nordnes med god deltaking frå Fusa.

UKM i år byrjar med kulturverkstader, eller "workshops", laurdag føremiddag kl 11-14. Sceneprogrammet byrjar først kl 14.30 og UKM-utstilling opnar kl 17.00. Bo Mathys frå Strandvik har med eit foto i utstillinga, men på scenen dukkar dei andre fusingane først opp på søndagen frå kl 13.00 og utover. Her stiller både Irmelin Lemin Lygre, The New Originals, Standing Still trio og duoen Natasja Smørholm og Idar Rolland. I to av innslaga er det eit spennande samarbeid med dansarar frå Os kultursskule. Sjå program.

For første gang på mange år er UKM i år på kulturhuset USF på Verftet, Nordnes. Sjå kart. Det kan vera lurt å parkera i Klostergarasjen, då det er dårleg med parkeringsplassar ved USF.

Arrangøren minnar deltakarane om at dei må stilla minst ein time før deira programbolk startar. Er dei med i programmet som byrkjar kl 13.00, må dei møta kl 12.00. Deltakarane på workshops er bedne om å møta opp 30 minutt på førehand.

For publikum er det gratis inngang for 0-20 år og kr 100 for vaksne. Billetten gjeld heile helga.

Fusa kommune ønskjer lukke til!

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 16.04.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30