Aktuelt frå kommunen

Kartlegging av funksjonell strandsone

Strandsonekartlegging Holmefjordsjøen 8.7.13 - Klikk for stort bileteStrandsonekartlegging Holmefjordsjøen 8.7.13 Erik Vangsnes 8.-9. juli var det synfaring langs strandsona i heile Fusa kommune i samband med kartlegginga av funksjonell strandsone. Kartlegginga er del av arbeidet med den interkommunale strandsoneplanen, og skal også innarbeidast i Fusa kommune sin arealplan. 

Funksjonell strandsonekartlegging

Fusa kommune har inngått samarbeid med Asplan Viak om funksjonell strandsonekartlegging. Arbeidet er godt i gang, og det er laga grove kartskisser som grunnlag for vidare vurderingar.

Til no har arbeidet vore basert på eksisterande kartgrunnlag og flyfoto. På synfaringa vart det gjort vidare vurderingar av funksjonell strandsone og byggegrenser mot sjø.

Politisk-administrativt samarbeid

Både administrasjon og politikarar var med på synfaringa saman med Karianne Eriksen frå Asplan Viak. Ordførar Hans Vindenes, leiar og nestleiar i Utval for plan og miljø Anne Martinsen og Gustav Folkestad representerte politikarane. Frå administrasjonen stilte arealplanleggjar Helle H. Bruland, avdelingsingeniør Kjetil Koldal, kulturleiar Erik Vangsnes og landbrukskonsulent Johan Bergerud.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 11.07.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30