Aktuelt frå kommunen

Kartlegging av friluftsareal i Fusa

 

Kulturleiar Erik Vangsnes og prosjektleiar Marianne Jetmundsen BOF - Klikk for stort bilete

Fusa kommune starta i år, i samarbeid med Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) og Hordaland Fylkeskommune, eit prosjekt som har som mål å kartlegga alle friluftslivsareala i kommunen. Dette er ein del av eit nasjonalt mål om at alle kommunar i Noreg skal kartlegga sine friluftslivsareal innan 2018. 

Kartlegging - ikkje plan

Dette blir ikkje ein juridisk bindande plan, men skal fungera som eit kunnskapsgrunnlag og temakart; ein informasjon om dagens friluftsaktivitet som seinare kan bli nytta i relevante samanhengar i lag med andre temakart.
 
Prosjektet er styrt av Miljødirektoratet og forankra i både «Nasjonal strategi for et aktivt friluftsliv» og «Nasjonal strategi for statlig sikring og tilrettelegging av friluftslivområder». Arbeidet i Fusa vil venteleg vera sluttført innan sommaren 2018.
 

Kvifor gjera eit slikt arbeid?

Friluftsliv er ein viktig ressurs med stor nytteverdi sidan det gir betre helse og auka livskvalitet til ein svært låg kostnad om områda er tilgjengelege. Det er difor av stor nytteverdi for kommunen å vita om kva slags friluftslivsverdiar kommunen faktisk har, og kva slags tiltak som er naudsynte i dei ulike områda.  
 
Ein har som mål at alle skal ha høve til å drive friluftsliv i nærmiljøet og naturen elles. Kartlegginga legg difor særleg vekt på nærmiljøområde, ferdselsårer og grøntområde i og nær busetnad / tettstadar. Kvar går ein på tur om ettermiddagen i kvardagen? Kvar leikar borna i barnehagen? Er det fine akebakkar nokon plass i Fusa? Finst det ein grøn snarveg til skulen for ungane som er tryggare enn vegen? Eller er det lure stiar inn til større område for aktivt friluftsliv eller idrettsaktivitet? 
 

Samarbeid med skulane

Målet er at alle skal ha høve til å utøva friluftsaktivitetar utifrå eigne preferansar og ønske i Fusa. Ein skal kunne komme seg ut i nærmiljøet og naturen generelt, uansett interesse, fysisk form eller alder. Fusa kommune ønskjer difor hjelp frå skulane for å auka kunnskapen om område nytta til friluftslivsføremål i kommunen, då slike lokale område brukt av barn ofte er lite kjent for kommuneadministrasjonen og politisk nivå.

Det er stor friluftskunnskap blant barn og unge i Fusa, og prosjektpruppa håper difor at ein gjennom eit skulesamarbeid kan få innspel om brukte friluftslivs- og nærområde slik at den endelege kartlegginga blir så grundig som råd. 
 

Vinn-vinn

Prosjektleiar Marianne Rindedal Jetmundsen vil saman med kulturleiar Erik Vangsnes invitera seg sjølve ut til skulane til kartleggingsmøte med dei unge i løpet av hausten. Tanken er at ei slikt samarbeid skal gje eit fagleg utbyte også for skulane på ulike alderstrinn; frå barneskule til ungdomskule og vidaregåande nivå.
 
Spørsmål som gjeld kartlegging kan rettast til prosjektleiar Marianne Jetmundsen på epost: marianne@bof eller saksansvarleg i Fusa kommune Erik Vangsnes.
 
 
 
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 19.09.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30