Aktuelt frå kommunen

Kan du ta på deg vintervedlikehald i søre Fusa?

Vinter i Fusa - Klikk for stort bilete

Vinteren nærmar seg, og vi må vera budde på vinterføre på vegane. Fusa kommune manglar folk til å ta seg av brøyting og strøing på kommunale vegar sør for Femanger. Ta kontakt med einingsleiar for Teknisk drift Øystein Havsgård snarast, dersom du kan tenkja deg å ta på deg eit slikt oppdrag.

Kvar?

Havsgård fortel at kommunen manglar folk til å ta vintervedlikehaldet i Sunfjord-området, Lygre, Hjartåker og Hjartnes. 

Kva kan kommunen tilby?

Kommunen held traktor og utstyr, men treng folk til å gjera jobben. Kor stor arbeidsmengda vert, kjem sjølvsagt an på korleis vêret vert denne vinteren. Kommunen tilbyr godtgjersle etter avtale - ein fast sum pluss timebetaling.

Meir informasjon

Ta kontakt med Øystein Havsgård - mobilnr. 404 15 560 - for meir informasjon, eller for å melda deg til teneste.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 21.11.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30