Aktuelt frå kommunen

Kampen om fjordane i Torsdagsakademiet

Kampen om fjordane - Klikk for stort bilete

Torsdag 17. mars kl 19.00 inviterer Fusa folkebibliotek til filmkveld i Torsdagsakademiet med dokumentaren «Kampen om fjordane». Etterpå vert det møte med filmskaparen Vigdis Nielsen. Sjå flygeblad (PDF, 661 kB).

Filmframsyning

Dokumentarfilmen «Kampen om fjordane» handlar om mastemotstanden i Hardanger. Ikkje sidan protestane mot utbygging av Altaelva, har eit naturinngrep blitt møtt med så sterke reaksjonar. Det som starta som ein kamp for urørt natur utvikla seg til å bli ein kamp for sjølve demokratiet.

Kampen om fjordane på fjellet - Klikk for stort bilete Synnøve Kvamme (22) var ein sentral person i dette «motstandsarbeidet» og var villig til å gå i fengsel for å redde fjella og naturen. Ho vil ikkje ha “monstermaster” gjennom det vakre fjordlandskapet i Hardanger. Trassig kjempar ho mot regjeringas vedtak og Statnett sine planar. Bygdefolket blir møtt med truslar om namsmann og ekspropriasjon. Dette er Davids kamp mot Goliat.

Filmskapar Vigdis Nielsen, opphavleg frå Ulvik, har lang erfaring frå TV, kort- dokumentarfilm, m.a. filmen “Olav H. Hauge – Den andre mannen”. 

Møte med filmskaparen

Filmen vart lansert på nyåret og har fått gode kritikkar. I tillegg til å sjå filmen får publikum i Eikelandsosen høve til å møta filmskaparen Vigdis Nielsen og stilla henne spørsmål.

Filmen vert synt i biblioteket sine lokale i Kommunetunet på Leiro i Eikelandsosen kl 19.00 torsdag 17. mars. Inngang kr 100,-. Det vert enkel servering.

Arrangementet er støtta av Nasjonalbiblioteket.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 14.03.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30