Aktuelt frå kommunen

Kampanje mot mobbing

Logo. (Udir) - Klikk for stort bilete

I dag 31. august startar den nasjonale kampanjen mot mobbing. Alle skulane i Fusa er med. 

Kampanjen skal gi vaksne, anten ein er lærar, barnehagelærar, forelder, fotballtrenar eller nabo, konkrete tips til korleis ein kan utgjera ein forskjell for å skapa vennskap og førebyggja mobbing.

Gode førebilete

Einingsleiar for Undervisning Anne-Merete Mærli Hellebø fortel at alle skulane i Fusa i løpet av kampanjeveka vil gjennomføra ulike aktivitetar, der målet er å skapa vennskap og førebyggja mobbing.

"Typisk for aktivitetane er at elevane gjer aktivitetar i lag, og samarbeider om å skapa gode skule- og læringsmiljø. Dei vaksne ved skulane legg til rette for aktivitetane, og er sjølv gode rollemodellar for elevane," fortel Hellebø. Foreldra blir oppmoda på foreldremøta til å snakka med barna sine om venskap og om korleis ein kan vera ein god ven for andre.

"Når alle elevar, vaksne ved skulane og foreldre saman fokuserer på korleis vi kan vera gode for kvarandre, får vi eit krafttak mot mobbing i Fusa kommune. Lat oss saman jobba for gode oppvekst- og læringsmiljø for alle!" oppmodar einingsleiaren.

Del gode tips!

Utdanningsdirektoratet understrekar at veldig mange alt gjer mykje bra for å førebyggja mobbing og skapa vennskap. Dette vil dei høyra om – og spreia vidare. Udir inviterer difor alle til å dela eigne tips på kampanjenettsida. Du kan òg følgja kampanjen på Facebook.

Sjå òg kampanjefilmen "Voksne skaper vennskap - sammen".

 

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 31.08.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30