Aktuelt frå kommunen

Julekonsertar i kyrkjene i Fusa

DSC_4299.JPG - Klikk for stort bilete Vi er snart midt i adventstida og vakker song og musikk frå lokale kor og musikklag fyller kyrkjene våre dei to siste helgene før jul. Søndag 13. desember er det konsert både i Strandvik og i Hålandsdalen, og laurdag 19.12. er det konsert i Fusa kyrkje.

Strandvik kyrkje

I Strandvik inviterer Holmefjord musikkllag til konsert i kyrkja søndag 13. desember kl 19.00. Dei har med seg damekoret Kortpusten, mannskoret Credo, Strandvik blandakor, Holmefjord musikklag og kantor Iman de Zwarte. Tradisjonen tru vert det også allsong med kjende og kjære julesongar.

Hålandsdal kyrkje

I Hålandsdal kyrkje på Eide er det konsert same kveld og same klokkeslett kl 19.00. Her held Hålandsdal musikklag i trådane. Publikum får også høyra Bjørnefjorden jazzensemble m/solist Synnøve Austestad, dametrioen «Shofar» og «Fusa soul children». Publikum får rikeleg høve til å syngja med i allsong.

Fusa kyrkje

Siste helga før jul, laurdag 19. desember, er det konsert i Fusa kyrkje kl 17.00 med m.a. Eikelandsfjorden musikklag, Eikelandsosen skulemusikklag og Kammerkoret Takt og Tone. 

I alle tre kyrkjene er det det kollekt til inntekt for Kirkens nødhjelp ved utgangen. Konsertane er eit samarbeid mellom Fusa kommune, Fusa sokneråd og det lokale song- og musikklivet.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 08.12.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30