Aktuelt frå kommunen

Julekonsertar i Fusa

Juletre 2 - Klikk for stort bilete

Det er mange julekonsertar i Fusa no i desember.  I dei komande dagane  er det julekonsert i Eikelandsosen bedehus fredag 8.12., søndag 10.12. er det tradisjonsrik julekonsert i Hålandsdal kyrkje, medan konserten i Strandvik i år er torsdag 14.12. Det er knapt finare måte å nyta førjulstida på enn å gå på julekonsert!

Familiens julekonsert

I Eikelandsosen bedehus fredag 8.12. kl 18 er det invitert til "Familiens julekonsert" med Fjord'n barnekor, Fusa Soul Children, Eikelandsosen skulemusikklag og kor frå valfagsgruppe på Fusa ungdomsskule.

Tradisjon i Hålandsdalen

Søndag 10.12. kl 19 er det julekonsert i Hålandsdal kyrkje på Eide med mannskoret Credo, Bjørnefjorden jazzensemble, rockebandet "Sleepwalkers", songtrioen Shofar, Hålandsdal musikklag og Petra Dahlstrøm. Det vert kort andakt ved Norunn Rød Markhus.

Julekonsert på ein torsdag

Torsdag 14.12 kl 19 er det julekonsert i Strandvik kyrkje. Her medverkar Holmefjord musikklag, Kammerkoret Takt og tone, dametrioen Shofar, Rianne og Iman de Zwarte. Det er andakt ved Anders Holmefjord.

To konsertar

For dei som ikkje rekk på desse første konsertane, så blir det nye høve siste helga før jul. Søndag 17. desember er det julekonsert etter engelsk mønster i Fusa kyrkje kl 16.30 og stor julekonsert i regi av Haavard Skåtun i Eikelandsfjorden samfunnshus same kveld.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 06.12.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30